Arbeidet med å rive ned gamal og sette opp ny hytte er i gong!

Tysdag 17.september byrja arbeidet med å rive hytta som stod i enden av fotballbana. Denne vart ført opp i 1971, og hadde sett sine beste dagar.

Det vert no sett opp ei heilt ny hytte, og arbeidet skal etter planen vere ferdig på vårparten 2025.

Dette vil bli ei fullverdig hytte med bad, kjøkken og stove, samt soveplassar til rundt 10 personar.

Hytta skal brukast som ekstra kapasitet på eigne og eksterne arrangement, og det kan og bli mulig å leige hytta når ho ikkje er i bruk.

Har de lyst til å følge prosessen med oppføring av ny hytte, kan de følge med på gruppa «RAKNESTUNET OPPTOPP!» på Facebook. Her vert det lagt ut bilder etter kvart som arbeidet skrid fram.

Her kan de sjå skisse over korleis hytta skal bli: