Grunna den pågåande Covid-19 situasjonen har me sett oss nødt til å utsetta den årelege basaren endå ein gong. Dette er sjølvsagt veldig kjedelig, men slik situasjonen er no ser me det ikkje forsvarleg å avholda basaren som planlagt.
Me minner om at det likavel er mulig å kjøpa lodd hjå Martin, 413 20 754, eller Ingrun, 970 62 890. Lodda vært trekte når basaren vært gjennomført.
Me vil også oppmuntra til å gje ei gåva til drifta på Raknestunet anten ved vipps: 544 253 eller ved bankkonto: 3000 18 61588.
Me må koma attende til når basaren blir, men håpar på at me skal få gjennomført i løpet av hausten.