Om oss
Om Raknestunet
Raknestunet Ungdomssenter er ein kristen leirplass som er eigd av Nordhordland Indremisjon.
Det er den største leirplassen i Nordhordland og ligg idyllisk til i Raknesvågen på Osterøy utanfor Bergen. Raknestunet vart bygd i 1965 og har sidan vore påbygd i fleire omgongar. Den siste var i 2022, då det var ferdig nybygg som rommar kjøkken, matsal, møtesal, gymsal, inngongsparti og vrimleområde, og i tillegg vart alle internatromma oppussa.
Raknestunet vert brukt av Nordhordland Indremisjon til å arrangere leirar og andre arrangement i regi av krinsen. Dei dagane og helgene som Nordhordland Indremisjon ikkje nyttar bygget, er det ope for ekstern utleige.



Fasilitetar og kapasitet
På Raknestunet er alt samla under eitt tak. Me har møtesal, matsal, peisestove og ny gymsal. Møtesalen og matsalen kan gjerast til eitt rom ved behov, slik at ein får eit stort lokale. Me har òg kiosk og internatdel.
Internatdelen består av tre ulike delar, og har til saman 20 rom med eigne toalett og bad. Romma har frå 1-5 sengeplassar, totalt 85 sengeplassar. Sjå kart over rominndelinga HER.
Bygget ligg fint til i ein våg ved Osterfjorden. Me har privat kai og eit eige naust med båt og kanoar.
Elles har me tarzanløype, badestrand, trampoline og baner for ulike ballspel på uteområdet (sjå bildegalleri oppe i menyen).



Staben på Raknestunet

Ingrid Mjelstad
Kjøkkenleiar

Gunnlaug Melhus
Kjøkkenmedarbeider

Rune Melhus
Vaktmester Raknestunet

Lena Hopland
Kjøkkenmedarbeider

Matilde Birkeland
Kjøkkenmedarbeider

Aina T. Teigland
Kjøkkenmedarbeider

Ida Marie B. Fossmark
Kjøkkenmedarbeider

Silje Birkeland
Kjøkkenmedarbeider

Estera Legwinska
Kjøkkenmedarbeider

Anny Refsdal
Kjøkkenmedarbeider
Frå og med 1.august 2022 deler Vegard Hetlebakke og Bjarte Vesetvik
på oppgåva som dagleg leiar på Raknestunet.

Vegard Hetlebakke
E-post: v.hetlebakke@imf.no
Telefon: 976 82 813

Bjarte Vesetvik (utleige)
E-post: b.vesetvik@imf.no
Telefon: 996 42 469