Leir på Raknestunet
Leir på Raknestunet
Nordhordland Indremisjon eig Raknestunet og arrangerer mange leirar for store og små på leirplassen.
Hovudmålet for leirane på Raknestunet er at deltakarane skal verta betre kjent med Bibelen og JESUS, som er Bibelen sin hovudperson. Me har samlingar kvar føremiddag med bibelundervisning lagt til rette for dei ulike alderstrinna, og me syng nye og gamle leirsongar der Bibelens bodskap er i sentrum.
Velkommen på leir
På Raknestunet har vi leirar for alle aldersgrupper. I kalendaren oppe i menyen kan du sjå når leirane våre skal vera. På kvar leir er det ca. 10 – 12 leiarar, fordelt på alder og kjønn. Me ynskjer at kvar deltakar skal få ei positiv og trygg oppleving av å vera på leir.
Barneleir
Me har barneleirar for alle born i skulealder
- 1.-2. klasse: Minileir
- 3.-4. klasse: Yngstesleir
- 5.-7. klasse: Yngresleir
For dei i tenåra
Tenleir er for deg som har begynt på ungdomsskulen.
Ungdomsleir og Nyttårsleir er for deg som går i 10. klasse og oppover.
Andre leirar
Nordhordland Indremisjon arrangerer fleire andre leirar:
- Familieleir
- Glad-i-leir
- Pensjonistleir
- Lagsleir
- Bibelhelg
Aktivitetar
Raknestunet ligg ved Osterfjorden, og me har mykje forskjellige aktivitetar både ute og inne.
I underetasjen har me ein heilt ny gymsal der ein kan spele innebandy, fotball, volleyball, kanonball, håndball og mykje anna. Ute har me tarzanløype, kanoar, kai, badestrand, trampoline, baner for ulike ballspel og mykje utstyr til uteleik. I menyen «Bildegalleri» øverst på sida kan du sjå bilde av dei ulike aktivitetane me har på Raknestunet.