Det lakkar og lir mot skulestart igjen, og det betyr at det nærmar seg eit av årets høgdepunkt på Raknestunet: RAKNESTUNDAGEN.

OBS: Fergesambandet Breistein-Valestrand er innstilt i helga, så ein må køyre om brua.

Søndag 18.august er alle hjarteleg velkomne til familiemøte og masse aktivitetar for små og store. Det vert sal av mat, og kiosken er open.

Misjonstivoli:

Det vert misjonstivoli i år òg, etter nokonlunde same lest som i fjor.

Aktivitetane vert gratis, forutan dei der det vert solgt ting som er etande.

Parkering:

I år som i fjor kjem vi berre til å bruke ein mindre del av uteområdet til misjonstivoliet, så målet er at dei fleste skal få parkering på fotballbana eller på asfalten.

Vi har òg parkering i svingen rett før brua, og så fyller vi opp ved Hjellvik bedehus for dei som ikkje får plass nede ved Raknestunet.

De kan då køyre ned til Raknestunet først, og sjekke med parkeringsvaktane om det er plass der, og evt. sleppe av passasjerar i bilen, og så kjøre opp att til Hjellvik bedehus viss det er fullt.

Det vert ikkje noko skyttelbuss frå Raknestunet til Hjellvik.

Det har vore veldig fullt innomhus på dei to siste Raknestundagane, så vi oppmodar folk til å vere litt tidleg ute.

Dei som kjem sist må gjerne sitte ute i gangen.

Det er òg mogleg å sette seg i peisestova, der vi overfører lyd + det som kjem opp på skjermen inne i møtesalen.

Hjarteleg velkomen til Raknestunet søndag 18.august!