Generell info

På Raknestunet ligg forholda godt til rette for kurs, menighetsturar, familieleirar, øvingshelger og andre som treng opphald over kortare eller lengre tid.

 

Romma våre har bra standard, og alle har eige bad.  Det er frå 2-4 senger + sofa på alle romma. Raknestunet er også godt tilrettelagt for bevegelseshemma, med både heis og rullestolramper. Det er også rikeleg med parkeringsplassar.

 

Vi har sengeplass til ca 80 pers fordelt på 22 rom. Vi har møtesal, matsal, peisestove og aktivitetsrom som er tilgjengeleg for leigetakarane. Vi har og eit stort naust med brygge som kan leigast separat til feks ein sommaravslutning med grilling. I naustet er det og 7 kanoar som er tilgjengelege for dei som leiger Raknestunet.

 

Elles er det eiga fotballbane og ei tarzanløype på området til Raknestunet. Det er også ein utebod med mykje uteleikar som er tilgjengeleg for dei som leiger.

 

Raknestunet vert berre utleigd MED personell, dvs at de kan ikkje leige Raknestunet og “styre butikken” sjølv. Personalet er då ansvarleg for måltidene samt er tilgjengeleg for dykk ift praktiske ting, medan de sjølv styrer programmet gjennom dagen.

 

Vi har og ei hytte/eit anneks som ligg ved sida av hovudhuset. Her er det 5 små rom med “hyttestandard” som også kan leigast viss ein treng ekstra overnattingsplassar.

 

Tekninsk utstyr: det er både prosjektør og lydanlegg både i møtesalen, matsalen og peisestova. Det er også trådlaust internett på huset, men det har ikkje 100 % dekning. Hastigheten er også stundom noko varierande, så sjekk med Raknestunet om det som du evt skal bruke internett til let seg gjere.

 

For bilete av Raknestunet sine fasilitetar, trykk på linken “Bildegalleri” i menyen øverst på sida.

 

For å sjekke ledige datoar for leige av Raknestunet, kontakt Raknestunet på e-post: raknestunet@imf.no eller telefon: 56394235

 

PS: Hvis de har eit kort/tidsavgrensa arrangement kan det vere mulig å få leige sjølv om datoen er merka som opptatt i utleige/arrangement-kalenderen. Feks dei helgene som er merka opptatt med leir, der byrjar ikkje leiren før om ettermiddagen, og då kan det vere mulig å få leige Raknestunet om formiddagen. Andre arrangement kan og vere at ikkje legg beslag på Raknestunet heile dagen, så ta gjerne kontakt for å høyre om det er mogleg å få inn ditt arrangement.

 

Kontakt Raknestunet på telefon: 56 39 42 35 eller e-post: raknestunet@imf.no viss du har spørsmål ang leige av Raknestunet.

Leave a Reply

*

Home Utleige Generell info
credit